Mapplebreen er ein smal isbre, 28 km lang, som flyt austover til den sørlege armen av Exasperationfjorden på austsida av Graham Land. Han ligg 3,5 km nord for Melvillebreen og er skild frå denne av ei rekkje små toppar. Han vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1961. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Father Mapple, presten til Nantucket i Herman Melville-romanen Moby-Dick.

Mapplebreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 65°25′S 62°15′W / 65.417°S 62.250°W / -65.417; -62.250
Lengd 28 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mapplebreen
65°25′00″S 62°15′00″W / 65.4167°S 62.25°W / -65.4167; -62.25
Mapplebreen is located in Antarktis
Mapplebreen (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mapple Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).