Maratonkøyring er ein hestesport der ein ekvipasje med ein, to eller fire hestar køyrer etappar i ulike gangartar. Farten vert tilpassa til maksimums- og minimumstider. Maratonkøyring har ein del med krevjande hinder som vassgraver, bratte bakkar, skarpe svingar, grinder og slalåm mellom kjegler eller tre. Om ein ekvipasje ikkje klarar hinder, køyrer i feil rekkjefylgje eller feil gangart, får han feilpoeng. Den ekvipasjen som har færrast feilpoeng vinn klassa.

Ein hest som skal hevde seg i maratonkøyring må ha god kondisjon, og vere uthaldande og sterk. Det er også avgjerande at hesten har god psyke og er lett å snu.

Bakgrunnsstoff endre