Marawahøya
Marawah (arabisk مروح) er ei låg øy utafor kysten av emiratet Abu Dhabi. Øya ligg 15 km nord for Khor al Bazm-lagunen sør i Persiabukta i Dei sameinte arabiske emirata.
Marawah | |||
øy | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Emirat | Abu Dhabi | ||
Koordinatar | 24°17′N 53°19′E / 24.283°N 53.317°E | ||
Lengd | 13 km | ||
Marawahøya 24°17′54″N 53°17′20″E / 24.298333333333°N 53.288888888889°E | |||
Kart som viser Marawahøya.
|
Geografi
endreMarawah ligg 100 km vest for byen og hovudstaden, Abu Dhabi. Øya er kring 13 km frå aust til vest og kring 5,5 km frå nord til sør. Det er tre øyar nær Marawah: den vesle øya Al Fiyah i vest, Junaina i søraust og Abu al Abyad i aust.
Arkeologi
endreSjølv om øya er privateigd, vert det drive mykje arkeologisk utforsking på øya. I 1992 fullførte Abu Dhabi Islands Archaeological Survey (ADIAS) ei første undersøking av øya. Dei fann 13 stader som er datert frå yngre steinalder til islamsk tid.
I 2004 oppdaga ADIAS det eldste menneskeskjelettet ein har funne i regionen, mellom restane av steinalderbygningar og over 200 flintreiskap. DNA frå tennene til skjelettet synte at dei var kring 7 500 år gamle.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marawah Island» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Marawah, Abu Dhabi Islands Archaeological Survey
- UAE History Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine., 20 000 - 2 000 years ago
- UAE Interact Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., Map Room