Marcel Hansenne
Marcel Fernand Hansenne (24. januar 1917–22. mars 2002) var ein fransk mellomdistanseløpar og journalist frå Turcoing som i åra etter andre verdskrigen var ein av beste på 800 meter-løp.
Marcel Hansenne | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 24. januar 1917 13. arrondissement |
Død | 22. mars 2002 (85 år) Fourqueux |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1948 |
Utmerkingar | offiser av Æreslegionen |
Friidrett
endreHansenne vart tredjemann på 800 m då EM i friidrett 1946 fann stad i Oslo, bak europameister Rune Gustafsson frå Sverige og dansken Niels Holst-Sørensen. I 1948 forbetra Hansenne den franske rekorden til 1.48,3, einast tyske Rudolf Harbigs verdsrekordløp frå 1939 hadde gått fortare unna. Dermed var Hansenne favoritt til å ta OL-gull i London-leikane. Ettersom Hansenne ikkje var nokon spurtkanon, satsa han på å sprenge finalefeltet. Men to mann, Mal Whitfield frå USA og Arthur Wint frå Jamaica lukkast passere franskmannen som med 1.49,8 fekk bronsemedaljen. På 1500 meter kom Hansenne på ellevteplass.
Under EM 1950 i Brussel vann norske Audun Boysen, Hansenne og briten Roger Bannister kvart sitt forsøksløp. I finalen sette Boysen høg fart frå start og leia på den fyrste runda med fleire meter til dei andre løparane. Etter sekshundre meter byrja Boysen gå tom for krefter og britane Bannister og John Parlett smatt forbi han i siste sving. På oppløpet storma Hansenne fram og passerte alle, utanom Parlett. Briten vann på ny meisterskapsrekord 1.50,5, to tidels sekund føre Hansenne og Bannister. Boysen enda til sist på femteplass.
Hansenne vart ni gongar fransk meister på 800 meter; 1939, 1941–45, 1947, 1948 og 1950. På 1500 meter sigra han i 1943, 1945, 1946.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreJournalist
endreHansenne arbeidde i fleire tiår i den franske sportsavisa L’Équipe, og frå 1970 til 1982 var han sjefredaktør i avisa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marcel Hansenne» frå Wikipedia på tysk, den 5. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- «Marcel Hansenne» (på engelsk). olympedia.org. Henta 19. februar 2023.