Marco Arop
Marco Arop (fødd 20. september 1998) er ein kanadisk friidrettsutøvar, fødd i Sudan. Han vart verdsmeister på 800 meter ved VM i friidrett 2023 i Budapest. Året i førevegen vann han bronsemedaljen på distansen ved VM i friidrett 2022. Ei veke etter verdsmeisterskapen i Budapest sette han personleg rekord med 1.43,24 då han vart andremann i eit DL-stemne i Xiamen.
Marco Arop | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 20. september 1998 (26 år) Khartoum |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2024 – 800 meter menn |
Kjelder
endre- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Marco Arop» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2023.
Denne idrettsartikkelen som har med Canada å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.