Maren Aardahl
Maren Nyland Aardahl (fødd 2. mars 1994) er ein norsk handballspelar frå Trondheim. Sidan 2021 er ho aktiv for Odense HB i Danmark. Aardahl vart verdsmeister i 2021 og europameister i 2022 og olympisk meister 2024 med det norske handballslandslaget. Ho er linjespelar og utmerkar seg særleg i forsvarsspel.
Maren Aardahl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. mars 1994 (30 år) Trondheim |
Idrett | handball, strandhåndball |
Karriere
endreKlubbspel
endreAardahl spelte på Byåsen IL sitt lag i den norske toppserien frå 2012 til 2019. Våren 2016 kneip laget andreplassen i serien bakom Larvik HK. Sesongane 2019/20 og 2020/21 gjorde ho teneste i høvesvis tyske BBM Bietigheim og rumenske Vâlcea. Frå sommaren 2021 vart ho aktiv i det danske topplaget Odensse HB.
Landslagsspel
endreAardahl fekk sin landslagsdebut 1. oktober 2021. Med Marit Frafjord ute av landslaget, fekk Aardahl ei sentral i rolle i det norske midtforsvaret jamsides Kari Brattset. Både under Handball-VM 2021 og Handball-EM bidrog ho mykje til at Noreg kunne stå att som vinnar i begge turneringane. Ved utgangen av 2022 står ho med 28 landskampar og 40 mål.
Merittar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Maren Aardahl» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Maren Aardahl i Byåsen Håndball
- Landskampar