Marit Malm Frafjord

(Omdirigert frå Marit Frafjord)

Marit Malm Frafjord (fødd 25. november 1985) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Tromsø som 2006-21 deltok i 13 meisterskapsturneringar og vann medalje i alle. Ho er såleis dobbel olympiameister, verdsmeister og femfaldig europameister. Våren 2014 var ho med om å vinne EHF-cupvinnarcupen for Viborg HK. Frafjord var linejspelar, utmerkte seg særleg i forsvarsspelet.

Marit Malm Frafjord

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. november 1985 (38 år)
Tromsø kommune
Yrke handballspelar
Høgd 182 centimeter
Marit Malm Frafjord på Commons

Klubbspel endre

Frafjord var Byåsen-spelar i åtte år frå 2002. Sidan gjorde ho teneste 2010-14 i danske Viborg HK og 2014-17 i norske Larvik HK. 2017/18-sesongen var ho aktiv for CSM București. Frafjord avslutta karrieren med spel for Esbjerg i perioden 2018-22.

Landslagsspel endre

Frafjord debuterte på det norske kvinnelandslaget i handball 28. september 2005 i kamp mot Portugal. Frafjord deltok òg under EM i 2006 og fekk dimed EM-gull. I 2011 var ho med å ta gull for Noreg i Handball-VM i São Paulo i Brasil, då dei slo Frankrike i VM-finalen.

Merittar landslag endre

Merittar klubblag endre

  • Dansk seriemeister: 2014 for Viborg HK
  • Dansk cupmeister: 2014 for Viborg HK
  • Norsk seriemeister: 2015, 2016, 2017 for Larvik HK
  • Norsk cupmeister: 2015, 2016, 2017 for Larvik HK
  • Rumensk seriemeister: 2018 for CSM București
  • Rumensk cupmeister: 2018 for CSM București

Bakgrunnsstoff endre