Opna hovudmenyen

Byåsen Idrettslag

(Omdirigert frå Byåsen IL)

Byåsen Idrettslag er eit idrettslag i Trondheim, stifta 30. oktober 1921, med i kring 2 000 medlemer. Laget er aktivt i idrettane fotball, friidrett, handball, orientering, skiidrett, trim og volleyball.

Sidan 1980-åra er Byåsen Idrettslag særleg kjend for sitt handballag for kvinner. Elles har mellom andre langrennarane Frode Estil, Tor Arne Hetland og Lars Berger, skihopparane Torbjørn Falkanger og Tommy Ingebrigtsen, samt kombinertrennarane Jørgen Graabak, Magnus Moan og Petter Tande markert seg i nasjonale og internasjonale tevlingar.

KjelderEndra