Marettimo er ei av Dei egadiske øyane i Middelhavet vest for Sicilia i Italia. Ho er ein del av kommunen Favignana, naboøya. Frå Trapani er det om lag ein time med båt til øya.

Marettimo
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 37°58′N 12°03′E / 37.967°N 12.050°E / 37.967; 12.050
Øygruppe Dei egadiske øyane

Høgaste punkt Monte Falcone (686 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Trapani

Demografi
Folketal 300

Marettimo er den nest største av dei tre egadiske øyane. Det høgaste punktet er Monte Falcone med ei høgd på 686 meter over havet. Øya har om lag 300 innbyggjarar, som hovudsakleg livnærer seg på fiske og tradisjonelt handverk.

Det antikke namnet på øya er Hiera, som har gresk opphav. Det greske namnet på øya var Hiera Nesos, som tyder «Heilag øy».

Kjelder endre