Provinsen Trapani

Provinsen Trapani[a] er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Trapani. Han har eit areal på 2 460 km² og totalt 425 067 innbyggjarar i 2001. Det er 24 kommunar i provinsen.

Trapani
provins
Land  Italia
Region Sicilia
Hovudstad Trapani
Postnummer 91100
Retningsnummer 923
Bilnummer TP
Kart
Provinsen Trapani
38°01′02″N 12°32′43″E / 38.017222222222°N 12.545277777778°E / 38.017222222222; 12.545277777778
Kart som viser Provinsen Trapani.
Kart som viser Provinsen Trapani.
Kart som viser Provinsen Trapani.
Wikimedia Commons: Province of Trapani

Bortsett frå hovudstaden er dei største og viktigaste byane Segesta, Gibellina, Erice, Castelvetrano, Alcamo, Marsala, Mazara del Vallo, Castellammare del Golfo og Mozia. Den nærliggande øya Pantelleria og Dei egadiske øyane høyrer òg adminstrativt til provinsen Trapani.

Provinsen Trapani produserer meir vin enn kvar av regionane Toscana og Piemonte, og kvar av landa Ungarn, Austerrike og Chile.

Salemi-borga i Trapani-provinsen.

Største kommunar

endre

Per 31. mai 2011

Kommune Folketal
Marsala 82 933
Trapani 70 343
Mazara del Vallo 51 466
Alcamo 45 940
Castelvetrano 30 683
Erice 28 463
Castellammare del Golfo 15 326

Merknader

endre
  1. italiensk Provincia di Trapani; siciliansk Pruvincia di Tràpani

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Trapani