Trapani
Trapani | ||
---|---|---|
Trapani sett frå Erice | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
![]() Sicilia Trapani | |
Borgarmeister | Girolamo Fazio | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
271 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
70 735 249/km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 3 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 91100 | |
Telefon-retningsnummer | 0923 | |
Nettstad: www.comune.trapani.it |
Trapani (Tràpani på siciliansk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Trapani i regionen Sicilia og har om lag 70 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagd av elymiarar og er framleis ein viktig fiskeby og utgangspunktet for reiser til dei nærliggande egadiske øyane.
HistorieEndra
Trapani vart grunnlagd elymiarar som ein hamn for den nærliggande byen Erice (i antikken Eryx), som ligg oppfor byen i Monte San Giuliano. Han vart opphavleg kalla «Drépanon», det greske ordet for 'sigd', på grunn av forma til hamna. Kartago tok kontroll over byen i 260 fvt. og gjorde han til ein viktig marinebase. Byen vart avstått til Den romerske republikken i 241 fvt. etter Slaget ved Dei egadiske øyane i den første punarkrigen.
To segner frå antikken fortel om korleis byen vart til. Den første segna fortel at Trapani oppstod då gudinna Demeter mista sigden sin, medan ho leita etter dottera Persephone, som Hades hadde kidnappa. Den andre myta fortel om Saturn, himmelguden, som skar far sin Cronus med ein sigd, som han så mista i sjøen.
Byen vart hardt råka under den andre verdskrigen då dei allierte utførte kraftige bombetokt over byen. Turisme har dei seinare åra vorte stadig viktigare, særleg sidan byen ligg nær populære destinasjonar som Erice, Segesta og Dei egadiske øyane.
GalleriEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Trapani» frå Wikipedia på engelsk, den 6. januar 2008.