Margaretøya
Margaretøya (ungarsk Margitsziget eller Margit-sziget; òg kalla Margitøya) er ei 2,5 km lang øy med eit areal på 0,965 km² i Donau sentralt i Budapest.
Margaretøya | |||
øy | |||
Land | Ungarn | ||
---|---|---|---|
Areal | 0,965 km² | ||
Folketal | 6 (1. oktober 2011)[1] | ||
Margaretøya 47°31′39″N 19°02′51″E / 47.5275°N 19.0475°E | |||
Wikimedia Commons: Margaret Island |
Øya er stort sett dekt av parkområde og er eit populært rekreasjonsområde for både turistar og lokale innbyggjarar. Margaretbrua går over elva i sør, medan Árpádbrua kryssar elva og øya i nord.
Historie
endreØya vart sannsynlegvis først busett av Johanittarordenen på 1100-talet. Av dei historiske monumenta på øya finn ein ruinane av ei fransiskanarkyrkje frå 1200-talet og ei dominikanarkyrkje og kloster.
Margaretøya vart tidlegare kalla Kaninøya (Nyulak szigete) og fekk sitt noverande namn etter Margaret av Ungarn (1242–1270), dottera til Béla IV av Ungarn. Øya var dominert av klostersamfunn og kyrkjer fram til 1700-talet, då ho vart vald som tilfluktsstad av palatinarane. Ho vart erklært ein offentleg park i 1908.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Magyarország helységnévtára: Budapest». Henta 8. juli 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Margaret Island» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2007.