Opna hovudmenyen

Margaret Bingham (174027. februar 1814)[1] var ein britisk målar og forfattar. Ho var hertuginne av Lucan i Irland.

Margaret Bingham
Portrait of Margaret Bingham, formaly Smith, Countess of Lucan (4671265).jpg
Fødd 1740
Devon
Død

27. februar 1814
St James's Place, London

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar

LivEndra

 
Dottera Anne Bingham måla av Joshua Reynolds i 1786.

Margaret var dotter av James Smyth.[1] Ho var fødd i Devon som den yngste av to systrer.[2] I 1760 gifta ho seg med Charles Bingham som blei utnemnd til baron Lucan i 1776 og den første jarlen (earl) av Lucan i 1795.[1] Bingham døydde i 1814 ved St James's Place i London.[1][2] Ho hadde fem overlevande barn: Lavinia, som gifta seg med den 2. jarl Spencer i 1781, Eleanor Margaret som gifta seg med Thomas Lindsay, Louisa og Anne, som døydde ugifte, og Richard, som arva jarletittelen.[1]

VirkeEndra

Bingham byrja måla minatyrbilete om lag 1771. Ho måla hovudsakleg portrett av familiemedlemmer og kopiar av andre sine verk.[1][2] Mange av desse tilhøyrde vener, som hertugen av Portland og kunstamlaren Horace Walpole. I Paris fekk ho tilgang til Palais-Royal der ho kunne kopiera kunst som tilhøyrde hertugen av Orléans. Hertuginna måla også landskap, stilleben og brukte seksten år på å illustrera dei historiske skodespela til Shakespeare.[1]

Lady Margaret Bingham var også forfattar. Om lag 1778 gav ho ut Verses on the Present State of Ireland. Ho brukte løyndenamnet «Lady L—»n for Dublin-utgjevinga og «A Lady» i London.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 =Bingham, Margaret, Dictionary of National Biography. London: Smith, Elder & Co. 1885–1900.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Margaret Bingham». Orlando. Cambridge University Press. Henta 28 July 2013. 

BakgrunnsstoffEndra