Margaretakyrkja

kyrkjeruin i Oslo

59°59′45″N 10°45′50″E / 59.995896°N 10.763941°E / 59.995896; 10.763941

Margaretakyrkja
kyrkje
Margaretakyrkja
Foto: Sean Hayford O'Leary
Kommune Oslo
Material Stein og tegl
Tårn Hadde ikkje tårn
Skip Einskipa
Kyrkjegard Hadde kyrkjegard
Diverse Ruin. Skipet måler 16,2 x 10,7 meter utvendig og koret 6,5 x 6,5 meter.[1]
Kart
Margaretakyrkja
60°00′10″N 10°40′01″E / 60.0028°N 10.667°E / 60.0028; 10.667
Wikimedia Commons: Margaretakirken, Oslo

Margaretakyrkja var ei einskipa kyrkje i naturstein og tegl i Maridalen i Oslo. Ho vart bygd på 1200-talet på nordsida av Maridalsvannet og vigd til Margareta av Antiokia.[2]

Margaretakyrkja var kyrkjegods under Mariakyrkja i Oslo. Kyrkja må ha vore lagd ned før 1570-talet og framstår no som ein ruin.[1] Ho vart restaurert i 1934 under leiing av Gerhard Fischer.

Ruinen er freda etter lov om kulturminne.[1]


Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Margaretakirken, Maridalen / Kirkested». Riksantikvaren. Henta 11. september 2017. 
  2. Knut Are Tvedt, red. (2010). «Margarethakirken». Oslo byleksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 353. ISBN 978-82-573-1760-7. 

Bakgrunnsstoff

endre