Koordinatar: 59°59′35.956″N 10°46′31.901″E

Maridalen er eit dalføre og ei bygd rett nord for dei tettbygde områda i Oslo, dominert av Maridalsvannet, som er hovudkjelda for drikkevatnet til byen og utgangspunktet for Akerselva sørover til Bjørvika. Bygda har femten gardsbruk i drift, skule, ei lita kyrkje, Maridalen kyrkje, og eit forsamlingshus. Ei bygdeborg som truleg er frå eldre jarnalder, ligg mellom Maridalsvannet og Gryta nordaust for garden Sander[1].

Maridalen med Maridalsvannet sett mot nord frå utløpsoset.
Foto: Grzegorz Wysocki
Stongjarnhammaren synt i boka Norge, fremstillet i lithographerede Billeder efter Naturen av P.F. Wergmann og gjeve ut i Christiania, 1836-1837
Hammeren fotografert ikring 1880

Maridalen vart verna som landskapsvernområde (VV00000581) 31. august 2001. Landskapsvernområdet, som er på 27 333 dekar og strekk seg opp til mellom anna sørenden av vatna Skjærsjøen og Øyungen, inngår i Nordmarka[2]. Drikkevassrestriksjonar, mellom anna forbod mot bading og fisking, og forbod mot telting i nærleiken, gjeld for Maridalsvannet, elver, bekkar og vatn i området, inkludert Skjærsjøen.

Namnet MaridalenEndra

Ruinane av Margaretakyrkja frå mellomalderen (1200-talet) ligg på Kirkeby attmed Maridalsvannet i nordvest, og har gjeve namn til dalen, som vart kalla Margrétardalr. Med tida vart namnet Maridalen. Kyrkja og dalen har namn etter den heilage Margareta av Antiokia.

IndustrisogaEndra

Det eldste vasskraftverket i Noreg som framleis er i drift er Hammeren kraftstasjon på Hammeren attmed Maridalsvatnet. Verket vart sett i gang i 1900, og vert drive av vasstrykket frå ei nedgraven røyrgate frå den oppdemma Skjersjøen 258 meter over havet og dei 2,5 kilometra langsetter Skjersjøelva ned til Maridalsvatnet, som ligg 149 meter over havet. Dette er einaste vasskraftverket i Oslo kommune, og vert no rekna som eit kulturminne[3].

På Hammeren låg det på 1800-talet ein stongjarnhammar drive av vasshjul frå fallet i Skjersjøelva, skipa i 1793 av godseigar Peder Anker (1749-1824), som eigde garden Bogstad, Bærums Verk og mesteparten av Nordmarka[4]. I denne verksemda vart jarn frå Bærums Verk og smelteomnen på Fossum sør for Bogstadvannet gjort til stongjarn, som var emne for utsmiing til spikar, og til reiskap og materiell nytta i tømmerfløytinga. Produksjonen gjekk føre seg fram til 1874, og sysselsette på det meste 72 mann (i 1799). Det er no inga leivningar å sjå etter stongjarnhammeren, men minne om hammaren er den såkalla Ankervegen mellom Bærums Verk og Hammeren, som er teke vare på på somme strekningar, særleg i Nordmarka mellom Hammeren og Sognsvann.

I 1854 vart det skipa ein krutfabrikk på Skar[1], som vart kjøpt av staten i 1863 og gjeve namnet Skars Krudtværk, og i 1898 flytt til Raufoss[1].

KjelderEndra