Margareta av Antiokia

Margareta (fødd i Antiokia i Syria, i dag Tyrkia, død same stad 305) er ein kristen helgen. Ho er òg kjend som Margareta av Antiokia og av og til omtalt som St. Margrethe i norsk kunsthistorie. Ho var jomfru og martyr. Ho mista tidleg si mor. Faren var hedningepresten Aedesius som så med liten velvilje på ein kristentro, utan hans vitande, hadde ho oppheld seg hos ei fostermor. Ho avviste bryllaupsforslaget frå Olybrius og vart på grunn av dette torturert (med fakkel). Fleire mirakel er omtalt, som å slukast av satan før ho til slutt vart halshoggen.

Margareta av Antiokia

Føddca. 292
FødestadAntiokia i Pisidia
Daudca. 307
DødsstadAntiokia i Pisidia
Yrkememoarforfattar
Helgendag20. juli
Margareta framstelt på innsiden av ein døyr til eit alterskap saman med Evangelisten Johannes. Dørene finst i Bergen Museum

Ei kyrkje vart bygd over hennes grav, og ho vert fyrst nemnt av Rabanus Maurus rundt år 800. Korsfararane tok namnet hennar med seg vestover, og relikviane vart flytta rundt i Italia i 908 og 1145. Ho er òg nemnd i Den gylne legenda.

Margareta kledd som gjetar

Ho vert feira av Den katolske kyrkja, og er ein av Dei fjorten naudhjelparane Ho er ein av dei som viste seg for Jeanne d’Arc i hennes visjonar. I Den anglikanske kyrkja vert ho feira den 20. juli. I England vart hennes kult formelt avskaffa i 1969, men er framleis latent og i over 250 kyrkjer er vigd ho . I Noreg er mellom anna Alstahaug kyrkje vigd til St. Margareta, og ho er òg opphavet til den kyrkjelege minnedagen Marit Vassause. I Torpo stavkyrkje finst ein baldakin med framstillingar frå hennes liv. I Maridalen ved Oslo står ruinane av Margaretakyrkja bygget omkring midten av 1200-talet som vart restaurert i 1934 og er dermed Oslos andre best verna mellomalderkyrkje etter Gamle Aker kirke. St. Margaretha, skytshelgenen til dei gifte kvinnor, har gjeve kyrkja dens namn, Margaretakirken.

Den ortodokse kyrkja kallar ho Marina og feirar 17. juli. Ho er òg assosiert med St. Pelagia som er lingvistisk det same som Marina, og skal ha vore kalla Margarito. Ein ikkje-verifisert legende har ho som ein transformasjon av den klassiske Afrodite.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre