Opna hovudmenyen
Ein margarita med is.

Ein margarita er ein alkoholhaldig drink, ein cocktail, med tequila som den viktigaste ingrediensen.

For å laga ein margarita blandar ein tre delar tequila, to delar likør med appelsinsmak (som Cointreau eller Curaçao), og ein del lime-jus. Drinken vert servert med saltrand på kanten av glaset. Av og til får ein og drinken med ei skive lime på kanten.

Eit mytisk opphavEndra

Det finst fleire historier om kor tequilaen først vart laga, og av kven. Her følgjer nokre av dei mest kjende[1]:

  • Tidleg på trettitalet vart cocktailen skap på veddeløpsbanen Caliente i Tijuana
  • I 1936 skapte Danny Negrete drinken for kjærasten sin, Margarita, då han arbeidde på Garci Crespo Hotel i Tijuana.
  • Carlos Herrera skapte denne drinken i 1938 eller 1939 for Marjorie King, ei showgirl som ikkje kunne drikke andre typar brennevin enn tequila. Dette skjedde på baren Rancho La Gloria i Tijuana.
  • 4. juli 1942 spurte ein kunde Francisco Morales, bartender på Tommy's Place i Ciudad Juárez, etter ein magnolia, men han huska ikkje innhaldet i han. Dermed fann han på noko, og kalla drinken «Prestekrage», på spansk «Margarita .
  • Ein gong på førtitalet skapte Enrique Bastante Gutierrez denne drinken for filmstjerna Rita Hayworth, som eigentleg heitte Margarita Carmen Cansito.
  • I 1948 skapte Margaret Sames drinken for eit selskap ho heldt i baren sin i Acapulco. Seinare flytte ho til El Paso, Texas, og opptredde på fjernsyn i USA for å vise korleis den ekte margaritaen skulle vere.
  • I 1948 vart drinken til i The Balinese Room i Galveston, Texas, av bartenderen Santo Cruz. Han laga drinken til songarinna Peggy Lee.
  • Tidleg på femtitalet vart drinken laga på restauranten «Tail o' the Cock» i Los Angeles for å introdusere tequilamerket José Cuervo.

Sjølv om opphavet til drinken er uklar, krinsar historiene om grensa mellom USA og Mexico. I USA har det oppstått heilt nye tolkingar av drinken, til dømes Frozen Margarita, med mengder av is. Strawberry Margarita lagast med jordbær, og Vodka Margarita lagast med vodka i staden for tequila.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra