Tequila er eit brennevin som hovudsakleg vert produsert i området rundt Tequila, ein by vest i Mexico og staten Jalisco, 65 km nordvest for Guadalajara og høglandet i Jalisco. Det er laga av blå agave (Agave tequilana azul), som veks naturleg i Mexico. Tequila har som regel eit alkoholinnhald på 38–40 %, men det finst òg fleire variantar med alkoholinnhald på 43–46 %.[1]

Tequila servert på typisk vis, i glas med sukkerkant og limebitar.

Historie endre

 
Ein destilleriomn fylt med agavefrukt, det første steget i tequilaproduksjonen.

Tequila vart først produsert på 1500-talet nær byen Tequila, som ikkje vart offisielt grunnlagd før 1656. Aztekarane hadde tidlegare laga ein gjæra drikk frå agaveplanta som dei kalla octli (seinare meir populært kalla pulque), lenge før spanjolane kom hit i 1521. Då dei spanske konquistadorane gjekk tom for sin eigen brandy, byrja dei å destillere agaven og produserte det første stadeigne brennevinet i Nord-Amerika.[2]

Om lag 80 år seinare, rundt 1600, byrja Don Pedro Sánchez de Tagle, marki av Altamira, å masseprodusere tequila ved den første fabrikken i det som i dag er Jalisco. Ved 1608 hadde koloniguvernøren i Nueva Galicia byrja å skattlegge produktet hans. Tequilaen som er populær i dag vart først masseprodusert tidleg på 1800-talet i Guadalajara i Mexico.

Typar tequila endre

 
Ulike tequilatypar.

Tequila kjem vanlegvis i fem utgåver:

  • blanco («kvit») eller plata («sølv») – blankt brennevin, ikkje modna og tappa eller lagra like etter destillering, eller modna mindre enn to månader på eikefat[3]
  • oro («gull») – ikkje modna blanco tequila, blanda med restar eller eldre tequila, og ofte med karamellfarge, sukkerbasert sirup, glyserin og/eller eikeekstrakt slik at han skal minne om lagra tequila.
  • reposado («kvilt») – lagra minst to månader, men mindre enn eitt år på eikefat.
  • añejo («lagra» eller «årgangs») – lagra minst eitt år, men mindre enn tre år på eikefat
  • extra añejo («ekstra lagra») – lagra minst tre år på eikefat. Denne kategorien vart oppretta i mars 2006.

Det er ei vanleg mistyding at enkelte tequilaer inneheld ein mark i flaska. Berre visse mezcal-sortar, vanlegvis frå delstaten Oaxaca, vert seld con gusano, og starta først som eit marknadsføringstriks i 1940-åra. Marken er faktisk ei larve frå møllen Hypopta agavis som lever i agaveplanter. Om ein finn ein i plante under produksjonen tyder på skadedyr og derfor eit produkt med lågare kvalitet. Trass i at ein har prøvd å marknadsføre tequila som eit brennevin med høg kvalitet, på same måte som konjakk vert sett på i forhold til brandy, er det framleis enkelte produsentar som utnyttar situasjonen og viskar ut desse grensene.[4]

Typar og merke endre

Tequila kan delast inn i to hovudkateogiar, mixto og 100 % agave. Mixtos nyttar opp til 49 % andre sukker i gjæringsprosessen, medan agave utgjer resten. Agavesukker er glukosebasert og er lettare for menneskekroppen å bryte ned. Mixtos nyttar både glukose- og fruktosesukker.

Det er ein skilnad i smak mellom dei dei hovudgruppene. Tequila har ein særskild «brodd», som er vanleg for mixto tequila av lågare kvalitet på grunn av visse tilsetjingsstoff. Med 100 % agavetequila, blanco eller plata er kvassare på smak med sterke smakar av den destillerte agaven, medan reposado og añejo er glattare, mjukare og meir kompleks. Som med andre brennevin som vert lagra på fat, tar tequila opp smak frå treet, medan den skarpe alkoholsmaken vert mildare.

Drinkar endre

I Mexico vert som regel tequila drukke bert, utan salt og lime. Det er alltid populært å drikke dyr tequila i saman med sangrita— ein sør, sur og krydra drikk som vanlegvis vert laga av appelsinjus, grenadin (eller tomatjus) og sterk chili. Ein drikk då ein shot med tequila og ein med sangrita annakvar gong, utan salt og sitron.[5]

Tequilashot endre

Utanfor Mexico vert ofte ein shot med tequila servert med salt og lime. Dette vert kalla «tequila cruda». Ein tømmer då litt salt på handa, sleiker det av, drikk tequilaen og til slutt sitronen. Saltet gjer at tequilaen «brenn» mindre og den sure frukta balanserer og forsterkar smaken. Dette vert sjeldan gjort med lagra tequila sidan denne er glattare.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «The Best Tequilas». 
  2. Chadwick, Ian (2004). «In Search of the Blue Agave: History and Legend». 
  3. «Gran Centenario Tequila Plata». 
  4. James Waller (2003). Drinkology: The Art and Science of the Cocktail. New York: Stewart, Tabori & Chang. s. s. 224. ISBN 1-58479-304-X. 
  5. «Recipe: Mexican Sangrita & Tequila "Completo"». Henta 25. april 2008.