Marguerite Bourgeoys

Marguerite Bourgeoys (17. april 162012. januar 1700) var ei fransk nonne som er kjend som grunnleggjaren av ordenen Congrégation de Notre Dame. Ho er ein katolsk helgen med minnedag den 12. januar.

Marguerite Bourgeoys

Fødd17. april 1620
FødestadTroyes
Daud12. januar 1700
DødsstadMontreal
Yrkelærar
Helgendag12. januar

Bourgeoys var fødd i Troyes i Frankrike. Ho emigrerte i 1653 til Ny-Frankrike (dagens Canada), der ho grunnla eit kloster, vigde seg til skuleaktivitet blant både franske kolonistar og urfolksbarn og i 1658 grunnla ein orden for sekulære kvinner. Dette var ein av dei fyrste klosterordenane for kvinner i den katolske kyrkja der nonnene stod fritt til å verka og arbeida utanfor klostermurane.

Marguerite Bourgeoys blei saligerklært av paven i 1878 og helgenerklært i 1982.[1]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Hélène Bernier. «BOURGEOYS, MARGUERITE, dite du Saint-Sacrement». Dictionary of Canadian Biography. University of Toronto/Université Laval, 2003. Henta 9. april 2020.