Opna hovudmenyen

Maria Amelie (fødd 30. mai 1985 i Vladikavkaz i Nord-Ossetia i tidlegare Sovjetunionen)[1] er ein russisk-norsk forfattar og journalist. Ho kom til Noreg som asylsøkjar og oppgav då å vere frå Kaukasus i det tidlegare Sovjetunionen. Med boka Ulovlig norsk, som kom ut i 2010, har ho skildra korleis det var å leve som papirlaus flyktning i Noreg.

Maria Amelie
Press Photo Maria Amelie.jpg
Fødd 30. mai 1985
Vladikavkaz
Yrke journalist, forfattar
Maria Amelie på Commons

Maria Amelie, eller Madina Salamova, som ho då het, kom i lag med foreldra sine frå Nord-Ossetia[2] til Finland i år 2000 og vidare til i Noreg i 2002. Familien har opplyst at dei var forfølgde og frykta for livet sitt i Kaukasus. Bakgrunnen skal ha vore at far hennar etter forretningsverksemd hamna i botnlaus gjeld mot slutten av 1990-åra. Familien greidde ikkje å tilfredsstille kreditorane, som vart stadig meir trugande.[3] Asylsøknaden til familien er avslått, og familien lever derfor utan lovleg opphald i Noreg. Mens søknaden om opphaldsløyve var til behandling gjekk ho vidaregåande skule, og utan opphaldsløyve studerte ho under namnet Maria Bidzikoeva ved NTNU i Trondheim og tok bachelorgrad i sosialantropologi og mastergrad i teknologi og vitskap.[4]

I 2010 gav ho på Pax forlag ut boka Ulovlig norsk som handlar om korleis det er å leve som papirlaus flyktning i Noreg, og i desember same år vart ho kåra til «Årets Nordmann» av vekemagasinet Ny Tid.

12. januar 2011 vart Maria Amelie arrestert utanfor NansenskolenLillehammer etter at ho hadde halde eit foredrag der. Dagen etter vart ho fengsla, etterkvart mot meldeplikt,[5] og 24. januar vart ho send med fly til Moskva.

Arrestasjonen og vedtaket om at Maria Amelie skulle tvangsutsendast til Russland, førte til ei mengd spontane støttedemonstrasjonar og støtteaksjonar for at både ho og andre som oppheld seg her i landet under liknande omstende skulle få vere, og saka vart heftig diskutert i massemedia.

15. mars 2011 reiste ho frå Moskva til Krakow i Polen.[6] Etter å ha fått russisk utenlandspass nokon dagar før ho flytta til Polen, fekk ho etter kort tid innvilga Schengen-visum. Dermed kunne ho reise kor ho vil i Schengen-området, bortsett frå til Noreg.

Som følgje av Maria Amelie-saka vedtok departementet ein Lex Amelie, «Oppheving av reiseforbod for faglærde i somme tilfelle»,[7] som gjorde det mogleg for henne å returnere til Noreg som ordinær arbeidsinnvandrar. 16. april 2011 kom ho attende til Noreg, etter å ha fått innvilga ein søknad om arbeidsløyve 8. april. [8] I slutten av mai 2011 var ho i arbeid som journalist i Teknisk Ukeblad, der ho skriv under namnet Maria Amelie.[9]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra