Asylsøkjar

individ som søkjer asyl, spesielt politisk asyl, i eit framand land

Ein asylsøkjar er ein person som på eiga hand kjem seg inn i eit land og søkjer om vern (asyl) mot farlege humanitære eller politiske forhold i heimlandet. Etter Folkeretten har alle rett til å søkja om asyl i andre land. Dersom asylsøknaden vert godkjend, får utlendingen status som flyktning.

Noreg endre

Asylsøkjarar i Noreg må venda seg til politiet når dei kjem inn i landet. Dei vert då teken inn til eit såkalla asylintervju. Søknaden vert handsama av Utlendingsdirektoratet (UDI). Handsaminga tek normalt om lag eit år, men det finst ikkje noko maksimaltid. Medan søknaden vert handsama, bur asylsøkjaren på eit asylmottak.

Dersom asylsøkjaren får opphald i Noreg, vert han overført til den kommunen der han skal bu permanent, anten i eit asylmottak eller i ein privat bustad. Dei fleste asylsøkjarar som får opphald i Noreg, får ikkje innvilga asyl, men får opphald på humanitært grunnlag.

Dersom asylsøknaden vert avslått, kan søkjaren anka til Utlendingsnemnda (UNE). Om klagen vert avvist, skal asylsøkjaren verta send til heimlandet att. Nokre asylsøkjarar vel då å halda fram med opphaldet sitt i Noreg, men har då ikkje opphaldsløyve, og oppheld seg dermed ulovleg i landet.

For asylsøkjarar som har fått avslag på søknaden, men som ikkje kan returnerast, til dømes fordi dei ikkje har eit kjent heimland, er det oppretta spesielle ventemottak. Desse mottaka har vorte kritiserte av innvandringsmotstandarar som meiner at asylsøkjarar må sendast ut av landet. På den andre sida har det kome kritikk frå asylsøkjarar som meiner at forholda ved desse mottaka er for dårlege. I juli 2010 braut det ut opptøyer ved Lier ventemottak og Fagerli ventemottak. Mottaket på Fagerli vart stengd etter dette, på grunn av brannskadar.[1]

Kjelder endre

  • Utlendingsdirektoratet
Fotnotar
  1. Aftenposten, 7. juli 2010, side 4.
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.