Maria Guida (fødd 23. januar 1966) er ein italiensk tidlegare langdistanseløpar. Ho vann kvinnene sitt maratonløp ved EM i friidrett 2002.

Maria Guida
Statsborgarskap Italia
Fødd 23. januar 1966 (58 år)
Vico Equense
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1996

Karriere

endre

Guida sprang inn til sjetteplass på 10 000 meter i europameisterskapen 1994 og til fjerdeplass i verdsmeisterskapen 1995, i den siste meisterskapen gjorde ho livsbeste 31.27,8. I Roma den 5. juni 1996 presterte ho livsbeste 14.58,8 på 5 000 meter. Ho kvalifiserte seg til OL-finalen på mila i Atlanta, stilte ikkje til start. Sidan gjekk ho over til maratonløping. I 1999 sigra ho i Carpi maraton på tida 2.25.57. Berre 8 sekund saktare gjekk det då ho i 2002 vann gullmedaljen i maraton under EM i friidrett 2002 i München.

Kjelder

endre