Mariann Vestbøstad Marthinsen

(Omdirigert frå Mariann Vestbøstad)

Mariann Vestbøstad Marthinsen (fødd 9. september 1984) er ein norsk symjar og langrennsløpar frå Fitjar. Ho er mellom dei beste handikapsymjarane i verda. Ho tevlar for klubben Vestkantsvømmerne i Bergen, der ho også bur og er vernepleiarstudent. Då Vestbøstad var to år gamal, måtte ho amputera høgrefoten. Til vanleg brukar ho ei beinprotese. Hausten 2009 gifte ho seg og tok namnet til ektemannen, Marthinsen.

Mariann Vestbøstad Marthinsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. september 1984 (39 år)
Idrett para swimming, langrenn
Tok del i

Paralympiske sommarleikar 2004, Paralympiske sommarleikar 2008, Paralympiske vinterleikar 2010, Paralympiske sommarleikar 2012, Paralympiske vinterleikar 2014

Utmerkingar

Egebergs Ærespris, Erling Stordahls ærespris, Regjeringens paralympiske ærespris

Mariann Vestbøstad har vunne drøye tretti NM-gullmedaljar og ei VM-gullmedalje og ein sylmedalje, og har sytten verdsrekordar i ulike øvingar. I Paralympics i Beijing 2008, tok ho bronsemedalje på 100 meter rygg. I 2004 deltok ho i Paralympics i Aten og i Beijing i 2008. Ho vart kåra til årets funksjonshemma utøvar i Noreg for 2005Idrettsgallaen i 2006.

Under Paralympics i Vancouver i 2010 var Vestbøstad norsk flaggberar. Her deltok ho i langrennspigging, og tok ein femteplass. I februar tok ho sin fyrste gullmedalje i langrenn, under sprint i Oberried i Tyskland. Under Ridderrennet i april same året vart ho tildelt Erling Stordahls ærespris for prestasjonane sine som handikappa idrettsutøvar.[1] I mai 2013 vart ho tildelt Egebergs Ærespris.[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre