Marianne Andersen

Marianne Andersen (fødd 27. mars 1980) er ein norsk orienteringsløpar frå Drammen. Individuelt har ho vunne sju sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i verdsmeisterskap, i stafett har ho eitt gull, to sølv ein bronse.

Marianne Andersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mars 1980 (44 år)
Drammen kommune
Idrett orientering

Aktiv endre

Åra frå 2004 til 2022 vart Andersen norsk meister 24 gongar, flest NM-gull har ho på mellomdistansen med 9 i talet.

Andersen sanka VM-sølv på klassisk- og mellomdistansen både i 2006 og 2009, samt på klassisk-distansen i 2008 og 2010 og på mellomdistansen i 2017. Under den medaljerike verdsmeisterskapen 2009 i Miskolc i Ungarn var ho ankerkvinne då Noreg vann stafetten med god margin, Betty-Ann Bjerkreim Nilsen og Anne Margrethe Hausken sprang dei fyrste etappane.

Frå europeiske meisterskap i orientering har Andersen ytterlegare tre sølvmedaljar.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

  • VM 2003: Nr 8 på klassisk-distansen
  • VM 2005: Sølv i stafett, nr 4 på klassisk-distansen
  • VM 2006: Sølv på klassisk- og mellomdistansen
  • VM 2007: Bronse på mellomdistansen og i stafett
  • VM 2008: Sølv på klassisk-distansen
  • VM 2009: Sølv på klassisk- og mellomdistansen, gull i stafett
  • VM 2010: Sølv på klassisk-distansen og i stafett, bronse på mellom- og kort-distansen
  • VM 2011: Nr 7 på mellomdistansen
  • VM 2017: Sølv på mellomdistansen
  • VM 2018: Nr 4 i stafett

Kjelder endre