Marianne Kjørstad (fødd 27. mars 1970) er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå bygda Haugen i Eid kommune i Nordfjord, som vann bronsemedaljen i kombinasjonen då VM i alpine greiner 1996 vart avvikla i Sierra Nevada i Spania. Fem gongar var ho på pallen i verdscuprenn. Ho var medlem av Haugen Idrettslag.

Marianne Kjørstad
Fødd 27. mars 1970
Eid
Yrke alpinist

AktivEndra

Kjørstad overraska med ein sjuandeplass i storslalåm og ein elleveteplass i slalåm under VM i alpine greiner 1993 i japanske Morioka, plasseringar godt over det ho til dess hadde oppnåd i verdscuprenn. Vinteren 1993/94 var ho ved fleire høve mellom dei fem beste i verdscuptevlingar både i slalåm og storslalåm. Ein tredjeplass i slalåm i Maribor den 22. januar var toppen. Under vinterleikaneLillehammer kom ho i mål som nummer åtte i storslalåm. Ho vart nummer ni i verdscupen i alpine greiner 1994.

4. desember 1994 i Vail kom Kjørstad på verdscup-pallen også i storslalåm, bak sveitsarane Heidi Zeller-Bähler og Vreni Schneider. I fyrste delen av 1995/96-sesongen oppnådde Kjørstad sine beste plasseringar i verdscuprenn då vart nummer to i to slaåmrenn, fyrst i Vail midt i november og så i Semmering den 30. desember 1995, begge gongane bakom Elfi Eder frå Austerrike. Etter å ha vorte nummer ti verdscupen i alpine greiner 1995 enda Kjørstad som nummer 12 i 1996.

Høgdepunktet opplevde Kjørstad då ho vann bronsemedaljen i alpin kombinasjon under VM 1996 i spanske Sierra Nevada, einast svenske Pernilla Wiberg og Anita Wachter frå Austerrike rann fortare.

Etter 1996-sesongen klarte Kjørstad ikkje å markere seg internasjonalt. Ho la opp etter 2000-sesongen og arbeidde mange år i møbelbransjen i Sykkylven. I 2013 flytta ho tilbake til Haugen.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar