Marianne von Werefkin
Marianne von Werefkin (10. september 1860–6. februar 1938), fødd Marianna Vladimirovna Verevkina, var ein russisk-sveitsisk kunstmålar, kjend for sine ekspresjonist-verk.
Marianne von Werefkin | |
Fødenamn | Марианна Владимировна Веревкина, Marianna Vladimirovna Verevkina |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, ingen verdi |
Fødd | 10. september 1860, 11. september 1860 Tula |
Død |
6. februar 1938 (77 år) |
Yrke | kunstmålar, kunstnar |
Sjanger | portrett |
Far | Vladimir Nikolajevitsj Verjovkin |
Mor | Jelizaveta Petrovna Daragan |
Marianne von Werefkin på Commons |
Liv og gjerning
endreMarianne von Werefkin kom til verda i Tula i Russland, og voks opp som dotter av kommandanten for tsar-regimentet i Ekaterinaburg. I 1880 vart ho elev av Ilja Repin, den fremste av dei russiske realisme-målarane. Utviklinga som målar vart sett tilbake då ho i 1888 under jakt, ved eit uhell, skaut seg sjølv i høgrehanda. Dette var handa ho nytta til å måle med.
I 1892 møtte ho Aleksej von Jawlensky, som ynskte å gjere henne til sin protésjé. I 1896 reiste ho saman med Javlenskij og tenaren deira til München. Werefkin heldt opp å måle i nær ti år, for å gje rom for Javlenskijs målarutvikling.
Ho skapte sine fyrste ekspresjonistverk i 1907. I desse fylgde ho Paul Gauguins og Louis Anquetins målarstil med «overflatemåling», men trekk i bileta viste og påverknad frå Edvard Munch. I 1909 vart Neue Künstlervereinigung München (Münchens Nye Kunstnarforeining) stifta. Denne vart eit forum for utstillingar og kunstdebatt.
To år seinare, i 1911, vart gruppa Der Blaue Reiter danna. Gruppa gav ut ei bilet-almanakk over personar som hadde fått noko kalla opp etter seg, og Werefkin heldt si fyrste utstilling vinteren 1911/12. Werefkin og Javlenskij forlét Neue Künstlervereinigung og vart i staden med i Der Blaue Reiter.
Ved utbrotet av 1. verdskrigen immigrerte dei to til Sveits, og busette seg i nærleiken av Geneve. Seinare flytta dei til Zürich. I 1918 flytta Werefkin til Ascona ved Lago Maggiore, ho og Javlenskij hadde då skilt lag. Ho grunnla i 1924 kunstnargruppa Großer Bär ('Storebjørn').
I sine seinare åra måla Werefkin reklameplakatar. Figurane «Carmen» og «Diego Hagmann» sikra henne brød på bordet.
Ho vart gravlagt på den russiske gravlunden i Ascona.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marianne von Werefkin» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2009.