Maridalsveien er ei 11 kilometer lang gate og veg i Oslo, frå Møllergata i sentrumsområdet av byen og opp i Maridalen nord for sjølve byområdet. Om lag seks kilometer av vegen går i bymessige strok og har difor karakter av gate.

Eit parti av ei av dei mest idylliske strekningane av Maridalsveien, fotografert i 2014.

Opphavleg var Maridalsveien hovudtrafikkåra mellom byen Oslo (Christiania) og bygda Maridalen, som framleis er eit landbruksområde (namngjeve etter Sankta Margareta frå Antiokia, som mellomalderkyrkja i bygda var vigsla til). Men innanfor den sentrale luten av byen er Maridalsveien no vorte ei lokalgate som på nokre parti er stengd for gjennomkøyring. Her er store samanhengande strekningar med bygningar frå 17- og 1800-talet.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Maridalsveien