Elen Birgitte Marie Bjerknes (17. juni 18603. juni 1900) var ein norsk forfattar.

Marie Bjerknes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1860
Oslo
Død

3. juni 1900 (39 år)
Aurskog

Yrke skribent
Far Carl Anton Bjerknes

Familie endre

Marie Bjerknes var dotter av matematikaren og fysikaren Carl Anton Bjerknes (1825–1903) og Aletta Vilhelmine Dorothea Koren (1837–1923).[1] Ho var syster av fysikaren Vilhelm Bjerknes og vegingeniøren Ernst Bjerknes.

Liv og virke endre

Bjerknes byrja som guvernante i Nordland, men skuffa over at det ikkje vart fullt mørkt der i vintermånadene, oppgav ho denne praksisen og reiste til Amerika. Der underviste ho i tysk, samstundes som ho omsette Edda til engelsk. Dette arbeidet kom aldri til å bli publisert.

Etter eit opphald Noreg reiste ho igjen til USA, og på reisa skreiv ho Kolerafangerne paa Normannia – Et kulturbillede fra 1892. På veg til Chicago hadde ho hamna på ein sandbanke ved New York «da en hel pestflaade samlede sig paa New Yorks havn og bragte panikk og forvirring». Boka skildrar karentenelivet i samband med kolerautbrotet på d/s «Normannia».[2] Boka består av ei korrespondansesamling som far hennar stod for utgjevinga av som bok.

Under dette opphaldet var Marie Bjerknes vorte så sterkt sinnslidande at mor hennar reiste over Atlanterhavet for å henta henne attende til fødelandet igjen. Ho døydde hjå den tidlegare barnepassaren sin i Aurskog.

Bibliografi endre

  • 1893: Kolerafangerne paa Normannia – Et kulturbillede fra 1892 – Skildret efter oplevelser paa en reise til Chicago

Kjelder endre

  1. "Norway Baptisms, 1634-1927," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWBP-1J5 : 10 February 2018), Elen Birgitte Karlsen, 17 Jun 1860; citing ; FHL microfilm 255,750.
  2. Bjerknes, Marie (1893). Kolerafangerne paa Normannia. Dybwad.