Vilhelm Bjerknes

norsk fysikar

Vilhelm Friman Koren Bjerknes (14. mars 18629. april 1951) var ein norsk fysikar og meteorolog. Bjerknes vert rekna som grunnleggjar av moderne vêrvarsling. Han var òg grunnleggjaren av Bergensskulen i meteorologi.

Vilhelm Bjerknes

Fødd14. mars 1862
Christiania
Død9. april 1951
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdefysikk, meteorologi
Yrkefysikar, meteorolog, universitetslærar, matematikar, klimaforsker
InstitusjonarUniversitetet i Leipzig
Stockholms universitet
Carnegie Institution for Science
Universitetet i Oslo
Geofysisk Institutt
Universitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarHeinrich Hertz
Carl Anton Bjerknes
Henri Poincaré
BarnJacob Bjerknes, Wilhelm Bjerknes, Kristian Bjerknes
MedlemRoyal Society
Det saksiske vitenskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det pavelege vitskapsakademiet
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Det prøyssiske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg
Det saksiske vitenskapsakademiet
Det Norske Videnskaps-Akademi
Washington Academy of Sciences
National Academy of Sciences
Fotografi av Vilhelm Bjerknes
Foto: Christoffer Gade Rude/Nasjonalbiblioteket

Bjerknes var fødd i Christiania og fekk tidleg interesse for væskedynamikk. Ei tid var Bjerknes assistent for far sin, Carl Anton Bjerknes, innan matematisk forsking. I 1890 vart han assistent for Heinrich Hertz og gav viktige bidrag til Hertz sitt arbeid om elektromagnetisk resonans.

I 1895 vart han professor i anvendt mekanikk og matematisk fysikk ved Universitetet i Stockholm. Grunnleggjande samanhenger mellom væskedynamikk og termodynamikk vart utforska og forklart. Arbeidet hans inspirerte både Vagn Walfrid Ekman og Carl-Gustav Arvid Rossby til å nytta resultata. Storskala rørsler i verdshava og atmosfæren kunne i større grad kartleggjast. Slik kunne vérvarslinga utviklast meir profesjonelt. Allereie i 1904 såg Bjerknes at forskinga kunne nyttast i vêrvarslinga.

I 1907 kom Bjerknes attende til universitetet i Christiania før han vart professor i geofysikk ved universitetet i Leipzig i 1912. I 1917 planla han og organiserte den meteorologiske verksemda på Geofysisk Institutt ved Bergen Museum, som nyleg var grunnlagd av Bjørn Helland-Hansen. I Bergen skreiv han boka On the Dynamics of the Circular Vortex with Applications to the Atmosphere and to Atmospheric Vortex and Wave Motion (1921). Frå 1926 til han gjekk av i 1932 var han professor ved Universitetet i Oslo.

Bjerknes gjorde opptak til å etablera Vêrvarslinga på Vestlandet. Frå 1949 var Bjerknes statsstipendiat.

Både på planeten Mars og på Månen er eit krater oppkalla etter Bjerknes.

Meteorologen Jacob Bjerknes (1897-1975) var son av Vilhelm Bjerknes.

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre