Marie Klåpbakken
Marie Forr Klåpbakken (fødd 1. juli 1985) er ein norsk tekstforfattar, songar og felespelar.
Marie Klåpbakken | |||
Fødd | 1. juli 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nord-Fron kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | fiolin | ||
Verka som | musikar |
Klåpbakken voks opp på Vinstra i Gudbrandsdalen, og starta med fele då ho var 11 år. Ho tok kandidatstudiet ved Noregs musikkhøgskule i Oslo og avslutta mastergraden sin som folkemusikksolist våren 2010.
Marie Klåpbakken har jobba freelance i fleire store produksjonar, og spela per 2018 fast saman med Dance with a Stranger og Blest. Ho har vore norsk representant i Telenor sitt kulturprogram, spelt på alle sesongane av TV2-programmet Hver gang vi møtes, gjesta Beat for beat på NRK1 og vore solist under Norsk Militær Tattoo i Oslo Spektrum. I 2015 deltok ho i Melodi Grand Prix med songen «Ta meg tilbake».
Ho gav ut debutalbumet Framtida på MTG music 2012.[1]
Diskografi
endreAlbum
endre- 2012 – Framtida
Singlar
endre- 2012 – «To unge vakre»
- 2012 – «Før meg heim»
- 2013 – «Sommardrøm»
- 2014 – «Eksistens»
- 2014 – «Uro»
- 2015 – «Ta meg tilbake»
- 2016 – «Denne dagen», Finn Kalvik-cover på utgivelsen Nære deg – sanger av Finn Kalvik.
- 2018 – «Himlen i min favn»
Kjelder
endre- ↑ «Marie Forr Klåpbakken» (på norsk). mtgmusic. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 6. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Marie Klåpbakken» frå Wikipedia på bokmål, den 27. november 2019.