Marie Lous Mohr
norsk medlem av internasjonale kvinneliga
Marie Lous Mohr (19. februar 1892–1973) var ein norsk pedagog og fredsarbeidar, fødd i Mandal.
Marie Lous Mohr | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. februar 1892 Mandal kommune |
Død |
25. november 1973 (81 år) |
Medlem av | Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom |
Marie Lous Mohr leia den norske seksjonen av Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF) (på norsk 'Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom') i åra frå 1934 til 1947. Ho var òg medlem i denne internasjonale organisasjonens hovudstyre i mange år, var internasjonal visepresident frå 1946 til 1952, og internasjonal president frå 1952 til 1956. Deretter var ho på nytt formann i den norske seksjonen fram til 1961, og resten av si levetid knytt til landsstyret i den norske seksjonen.
Under den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen var Marie Lous Mohr mellom dei som sat i fangenskap på Grini.
Bakgrunnsstoff
endre- Fotografi av Marie Lous Mohr på nettsidene Oslobilder,no
- Om Marie Lous Mohr på Riksarkivets internettsider.
- Leiarar i WILPF, International Office i Genève. Arkivert 2013-04-19 ved Wayback Machine.Denne historieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.