Marie Under (fødd 27. mars 1883 i Tallinn, død 25. september 1980 i Stockholm) var ein estisk lyrikar. Ho var ein av stiftarane av Den estiske forfattarforeininga i 1922.

Marie Under

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Estland, Sverige
Fødd 27. mars 1883
Tallinn
Død

25. september 1980 (97 år)
Stockholm

Yrke lyrikar, arkivar, omsetjar, skribent
Medlem av Bayerische Akademie der Schönen Künste
Ektefelle Artur Adson
Marie Under på Commons

Biografi endre

Marie Under gjekk på tysk privatskule og skreiv dei fyrste dikta sine på tysk medan ho jobba i ein bokhandel. 19 år gammal gifta ho seg med den estiske bokhaldaren Carl Hacker og flytta til Moskva, der dei fekk to ungar. Men ho vart forelska i den estiske kunstnaren Ants Laikmaa og han overtalde henne til å omsetje dikta til estisk, og sende dei til fleire aviser. I 1906 flytta ho tilbake til Tallinn, der ho i 1913 møtte Arthur Adson, som vart sekretæren hennar og samla dei fyrste dikta for utgjeving. I 1924 skilde ho seg frå Hacker og gifta seg med Adson.

Allereie då ho gav ut den fyrste diktsamlinga si, Sonetter i 1917, vart ho anerkjend som forfattar. Debututgjevinga hennar er sentrallyrisk og prega av tysk ekspresjonisme. Seinare tok ho opp sosiale og filosofiske problem. I 1942 kom samlinga Med sørgende munn som avspegla den tragiske skjebnen til Estland under den andre verdskrigen.

Frå 1944 budde Under i Sverige. Familien var nesten eit år i flyktningleir, før dei i 1945 flytta til Mälarhöjden og busette seg der. Utgjevingane derfrå viser både einsemd og heimlengsel. Eit utval av dikta hennar kom på svensk i 1963 med tittelen Vigilia.

Bibliografi endre

  • Sonetid (1917)
  • Eelõitseng (1918)
  • Sinine puri (1918)
  • Verivalla (1920)
  • Pärisosa (1923)
  • Hääl varjust (1927)
  • Rõõm ühest ilusast päevast (1928)
  • Õnnevarjutus (1929)
  • Lageda taeva all (1930)
  • Kivi südamelt (1935)
  • Mureliku suuga (1942)
  • Sädemed tuhas (1954)
  • Ääremail (1963)

Kjelder endre

  • Agder leser baltisk – Et møte med den baltiske litteraturen 2009, s. 47: Marie Under.
  • Artikkelen om «Marie Under» på Wikipedia på engelsk.

Bakgrunnsstoff endre