Marieluise Fleißer

tysk skribent

Marieluise Fleißer (23. november 19012. februar 1974) var ein tysk forfattar, rekna som ein av dei fyrste store kvinnelige dramatikarane innan tysk litteratur.[1]

Marieluise Fleißer

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 23. november 1901
Ingolstadt
Død

2. februar 1974 (72 år)
Ingolstadt

Yrke skribent, manusforfattar, skodespelforfattar
Språk tysk
Medlem av Bayerische Akademie der Schönen Künste
Marieluise Fleißer på Commons

Liv og virke endre

Fleißer var fødd i Ingolstadt i 1901.[1] Frå 1919 studerte ho teatervitskap i München.[2] Ho debuterte i 1923 med Meine Zwillingschwester Olga. I 1926 blei det fyrste dramaet hennar, Fegefeuer in Ingolstadt, uroppført i Berlin. Både dette og det neste dramat hennar, Pioniere in Ingolstadt, gjekk gjennom harde åtak i høgrepressa. Romanen hennar Mehlreisende Frieda Geier blei demonstrativt brend under dei landsomfattande bokbåla i Nazi-Tyskland i 1933. Seinare same året gav det nazistiske kulturorganet Reichskulturkammer henne yrkesforbod, og ho blei ramma av depresjonar og nervsamanbrot.

I tidlege år var ho blitt kjent med Lion Feuchtwanger og Bertolt Brecht. Særleg av sistnemnde fekk Fleißer fleire inspirasjonar og endringsforslag. Under tida med nazistiske represaliar avslutta ho kontakten med Brecht og søkte samband til meir nasjonalkonservative personar. Fleißer drog mellom anna på fleire reiser med forfattaren Hellmut Draw-Tychsen. Ho gifta seg med ungdomsvennen og tobakkshandlaren Josef Haindl, og dreiv butikken i lag med han i Ingolstadt.[1]

Rainer Wernar Fassbinder filmatiserte Pioniere in Ingolstadt for tv i 1971.[3]

Verk (utval) endre

  • Mehlreisende Frieda Geier. Roman vom Rauchen, Sporteln, Lieben und Verkaufen. (1931)
    • Omarbeiding til tittelen Eine Zierde für den Verein (1972)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Vestli, Elin Nesje (8. februar 2023). «Marieluise Fleißer». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Naumann & Göbel: Schauspiel, VEMAG, Köln (tyska), s. 123. 
  3. Pionjärerna i Ingolstadt (1971) - SFdb (på svensk), henta 30. juli 2023