Marienlyst i Oslo

Koordinatar: 59°55′58.685″N 10°43′21.407″E

Marienlyst er eit strok innanfor den administrative bydelen St. Hanshaugen i Oslo, i det tidlegare Vestre Aker, nordvest for Kirkeveien (ring 2). Stroket har namn etter løkka Marienlyst, og det opphavlege løkkehuset frå 1700-talet er framleis å sjå i Blindernveien 10, freda og nytta til barnehage.

Parti frå Marienlyst.
Fotballbanen på Marienlyst, Friggbanen.
Lamellblokker på Marienlyst.

Marienlyst er framfor alt eit tettbygd bustadområde, kjenneteikna mellom anna av dei høge bustadblokkene, såkalla lamellblokker, som vart reist i 1930-åra, og som med dei til saman 530 husværa gjorde Marienlyst til det tettaste utbygde bustadområdet i Noreg i si tid. Men her er elles ein idrettsplass, friluftsområdet Marienlystparken, barne- og ungdomsskulen Marienlyst skole, og hovudkvarteret til Norsk rikskringkasting.

KjelderEndra