Marija Golubnitsjaja
Marija Vasiljevna Golubnitsjaja (24. februar 1924–22. august 2015) var ein friidrettsutøvar frå landsbyen Dubovka i Sjpakovskij-distriktet i Stavropol kraj som representerte Sovjetunionen. Ho vart europameister i 80 meter hekk i 1954 i Bern og vann OL-sølv i øvinga i 1952.
Marija Golubnitsjaja | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 24. februar 1924 Dubovka |
Død | 22. august 2015 (91 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952 |
Utmerkingar | Ærestegnets orden |
Aktiv
endreGolubnitsjaja var aktiv i turnsport før ho bytta til friidrett. Her utmerkte ho seg i femkamp. Frå 1950 førebudde Sovjetunionen seg til å delta i olympiske leikar for fyrste gong. Under ein før-olympisk treningsleir vart det klart at Golubnitsjaja var den beste kvinnelege hekkeløparen i riket. Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsinki tok ho sølvmedaljen i 80 meter hekk, to tidels sekund attom Shirley Strickland frå Australia som sette ny verdsrekord med 10,9 sekundar. I 1954 sprang Golubnitsjaja inn til gullmedalje i hekke-øvinga ved EM i Bern på tida 11,0. Under Sommar-OL 1956 i Melbourne hekta ho i finalen i ein hekk og enda opp på femteplassen.
Golubnitsjaja døydde i Moskva, der ho hadde budd sidan 1940-åra.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marija Wassiljewna Golubnitschaja» frå Wikipedia på tysk, den 19. august 2019.