Marilyn Waring
Marilyn Joy Waring (fødd 7. oktober 1952 i Ngaruawahia) er ein newzealandsk akademikar, feminist, forfattar og politikar, kjent som grunnleggjar av feministisk økonomi.
Marilyn Waring | |||
| |||
Fødd | 7. oktober 1952 Ngaruawahia | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | New Zealand | ||
Yrke | politikar, skribent, universitetslærar, samfunnsøkonom, bonde, kvinnesaksforkjemper, miljøvernar | ||
Institusjonar | University of Waikato Auckland University of Technology Massey University | ||
Alma mater | Victoria University of Wellington University of Waikato |
Waring har vore aktivist for kvinner sine menneskerettar og miljø. Ho var politikar og parlamentsmedlem for det konservative partiet på New Zealand, og var parlamentsmedlem frå 1975 til 1984. Her var ho mellom anna leiar for Finanskomiteen og medlem av utanrikskomiteen. Waring vart internasjonalt kjent i 1984 då ho utløyste parlamentsvalet det året gjennom å støtta Labour-opposisjonen sitt framlegg om atomvåpenfri sone rundt New Zealand.
I 1989 fekk Waring en D.Phil. i politisk økonomi frå University of Waikato med ei avhandling om SN sitt nasjonalrekneskapssystem.[1] Den mest kjende boka hennar er If Women Counted frå 1988. Ho var styremedlem i sentralbanken i New Zealand frå 2005 til 2009 og har jobba som ekspert for fleire FN-organisasjonar. Marilyn Waring er no professor i offentleg politikk ved AUT University.
- ↑ Waring, Marilyn J. (1989), A woman's reckoning: a feminist analysis of the power of the internationally accepted conception and implementation of the United Nations System of National Accounts (på engelsk), University of Waikato, henta 15. mai 2023