Ngaruawahia

Ngāruawāhia (uttalt /ŋa:ɾuawa:hia/) er ein by i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit innbyggjartal på 5 106.[1]

Ngaruawahia
by
Waikato-nga-750px.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Waikato
Distrikt Waikato District

Ngaruawahia
37°40′5″ S 175°8′49″ E
Wikimedia Commons: Ngaruawahia

Det har vorte sett fram to tydingar av namnet til byen. Den eine er 'lat opp matgrytene', som skal koma frå ein fest som vart halden for fleire hundre år sidan for å feira samlinga av to stammar gjennom eit bryllaup.[2]

Ei noko lausare omsetjing av ordet Ngāruawāhia (Wāhia-ngā-rua) tyder 'staden til dei to elvene' på maorispråk, med tanke på at elvene Waipa og Waikato renn saman her.

GeografiEndra

 
Waikatoelva renn gjennom Ngāruawāhia

Ngāruawāhia ligg 20 km nordvest for Hamilton, der elvene Waikato og Waipa renn saman.

Invasjonen i 1863Endra

Etter Invasjonen i Waikato i 1863 av britiske imperietroppar fekk byen namnet Newcastle, men det vart snart etter endra attende til Ngāruawāhia.

KīngitangaEndra

Ngāruawāhia er hovudsete for maorirørsla Kīngitanga eller King Movement. Dette var den offisielle residensen til den avdøde maoridronninga Te Arikinui Dame Te Atairangikaahu. Tūrangawaewae Marae ligg på den austlege elvebreidda til Waikatoelva i Ngāruawāhia, og vart etablert her i 1921.

ReferansarEndra

  1. Statistics New Zealand
  2. Orientering om Ngāruawāhia frå Waikato District Council. Vitja 26. august 2008.

Koordinatar: 37°40′S 175°9′E

  Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.