Mariner 1
Mariner 1 var den første romsonden i det amerikanske Mariner-programmet. Meininga var at romsonden skulle fly forbi Venus, men romsonden vart tapt alt rett etter oppskytinga. Tekniske problem forårsaka at radiokontakten mellom rakettrinnet og navigasjonsystemet på bakken vart broten, dermed tok ein feilprogrammert datamaskin i raketten over kontrollen og sende han ut av kontroll. Mariner 1-ferda varte berre i 4 minutt og 53 sekund, då han vart skoten ned av sikkerheitsgrunnar.
