Marino

kommune i Italia

Marino er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 41 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 26,1 km². Byen ligg 23 kilometer søraust for Roma, 360 meter over havet.

Frå druefesten i Marino i 2006
Utsyn mot Marino

Marino er særleg kjend for produksjon av kvitvin, samt for druefestivalen Sagra dell'uva. Festivalen, som har vorte halden årleg sidan 1924, vert avvikla den fyrste søndagen i oktober månad.

Kjelder endre