Marion Kirkland Reid

Marion Kirkland Reid (1815-1902)[1] var ein skotsk feministisk forfattar som særleg er kjend for verket A Plea for Woman, fyrste gjeve ut i 1843. A Plea for Woman blei fyrst gjeve ut i Edinburgh i 1843 av William Tait,[2] og så i USA i 1847, 1848, 1851 og 1852 som Woman, her Education and Influence under namnet of Mrs. Hugo Reid.[3][4] Ho var medlem av Ladies National Association for the Repeal of the Contagious Diseases Acts.

Marion Kirkland Reid
Statsborgarskap Skottland
Fødd 25. mars 1815
Glasgow
Død

9. mars 1902 (86 år)
London

Yrke skribent

Liv og virke

endre

Reid var dotter av James Kirkland, ein kjøpmann i Glasgow,[4] og Janet Finlay.[5]

Ho gifta seg med Hugo Reid 8. januar 1839.[4][6] Reid var ein progressiv pedagog frå Edinburgh.[6]

Marion var den einaste skotske kvinna til stades ved World Anti-Slavery Convention i London i juni 1840, der ho og andre britiske tilskodarar, mellom anna Anne Knight, var vitne til at amerikanske kvinnelege utsendingar blei nekta å ta del i konvensjonen.[6][4] Det fann stad ein stor debatt, og Kirkland møtte leiaren for den amerikanske kvinnedelegasjonen, Lucretia Mott. Denne hendinga, og ein artikkel om "Women's rights and duties" i Edinburgh Review frå 1841,[2] kan ha inspirert Kirkland si bok A Plea for Women, som ho skreiv i 1843. Anne Knight sende eit eksemplar til Lucretia Mott og anbefalte henne varmt, og boka fekk stor innverknad i Nord-Amerika.[4] A Plea for Women er truleg det fyrste verket frå Storbritannai eller USA som la vekt på å oppnå både sivile og politiske rettar for kvinner. Boka var særleg viktig dei fyrste åra av kampanjen for røysterett for kvinner i USA.[6]

Hugo hadde undervisingspostar i Liverpool og Nottingham, før han blei rekstor ved Dalhousie College i Halifax i Nova Scotia, ei stilling han hadde frå 1855 til 1860. Marion drog truleg med han til Canada.[6] Etter at familien vende tilbake til Storbritannia budde dei i Marylebone i London, som var adressa Marion oppgav då ho skreiv under på eit opprop om røysterett for kvinner gjeve til parlamentet i 1866.[5] Etter at Hugo døydde i 1872, budde ho hjå den einaste dottera si, Jessie, i Shepherd's Bush.[5]

Kjelder

endre
  1. Marion Reid at the Orlando Project, Cambridge University Press
  2. 2,0 2,1 Crawford, Robert (2007). Scotland's books : the Penguin history of Scottish literature. London: Penguin Books. ISBN 9780140299403. OCLC 123797020. 
  3. Mrs., Reid, Hugo (1988). A plea for woman (1st utg.). Edinburgh: Polygon. ISBN 0948275561. OCLC 25787999. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Marion Kirkland Reid». Sunshine for Women. February 2003. Arkivert frå originalen 24. februar 2012. Henta 17. oktober 2009. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Oxford dictionary of national biography. British Academy., Oxford University Press. (Online utg.). Oxford. ISBN 9780198614128. OCLC 56568095. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 The biographical dictionary of Scottish women : from the earliest times to 2004. Ewan, Elizabeth., Innes, Sue., Reynolds, Sian. Edinburgh: Edinburgh University Press. 2006. s. 301. ISBN 9780748626601. OCLC 367680960.