Marit Voldsæter

norsk skodespelar

Marit Voldsæter (fødd 20. juli 1966) er ein norsk skodespelar, songar og komikar kjend frå revygruppa Kvinner på randen. Ho har sidan 1990-talet jobba frilans som skodespelar og songar i ei rekkje revyar.

Marit Voldsæter
Fødd20. juli 1966 (57 år)
FødestadBergen
Verka somskodespelar, komikar

Voldsæter er frå Bergen. I starten av 20-åra starta ho på Fyllingsdalen Teater, og i løpet av tida her fekk ho jobb i Ole Paus sin revy. Dette var starten på komikarkarrieren henanr. I 1996 vart ho ein del av Kvinner på randen (1996–2005), ei populær revygruppe som elles bestod av Kjersti Berge og Elisabeth Moberg.[1] I 2006 hadde debuterte ho som soloartist med showet Med ræven i fatle i Bergen. Førestillinga gav henne to komiprisar: «beste kvinnelege artist i revy og komedie» og «beste sceneførestilling». Ho har etter dette hatt suksess med Rett fra skrumpleveren og Drit i å danse!, som òg gav henne prisen «beste kvinnelege artist i revy og komedie» under Komiprisen 2010. I 2017-2018 gjorde ho seg notert med førestillinga Null i biologi (send på NRK i 2019).[2][3]

I 2007 var ho jurymedlem i talentkonkurransen DrømmerollenNRK1.

Kjelder endre

  1. Farestvedt, Hanne (15. september 2006). «Morsomme Marit» (på norsk). Henta 14. juni 2021. 
  2. «Marit består med glans» (på norsk bokmål). 22. september 2017. Henta 14. juni 2021. 
  3. «Null i biologi» (på norsk bokmål). Henta 14. juni 2021.