Mark Einar Johnson

Mark Einar Johnson (fødd 22. september 1957) er ein USA-amerikansk tidlegare ishockeyspelar og seinare -trenar frå Minneapolis i Minnesota. Han vart senterløpar i USA sitt mannskap som vann gull under Vinter-OL 1980.

Mark Johnson

Johnson var aktiv spelar frå 1975 til 1992. Han oppnådde stort ry som spelar på USA sitt landslag som vann olympisk gull på heimebane under vinterleikane 1980 i Lake Placid. Perioden 1980-90 var han profesjonell i ei rad klubbar i National Hockey League. Flest kampar fekk han i Pittsburgh Penguins, Hartford Whalers og New Jersey Devils. Han la opp i 1992, etter seriespel i Italia og i Austerrike.

KjelderEndra