Mark González
Mark Dennis González Hoffmann (fødd 10. juli 1984) er ein chilensk fotballspelar som har spela for russiske CSKA Moskva.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Mark Dennis González Hoffmann | ||
Fødd | 10. juli 1984 | ||
Fødestad | Durban | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Venstreving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | CSKA Moskva | ||
Nummer | 13 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Universidad Católica | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2002-2004 2004-2006 2006-2007 2007-2009 2009- |
Universidad Católica Albacete Liverpool FC Real Betis CSKA Moskva |
42 (8) 25 (5) 25 (3) 44 (10) 28 (5) | |
Landslag | |||
2003- | Chile | 45 (4) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. november 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 25. juni 2010 |
Karriere
endreMark González vart fødd i Sør-Afrika, men flytte med mor si til Chile som tiåring. Der starta han karrieren sin i Santiago-klubben Universidad Católica. Han spela etter kvart på fyrstelaget deira og heldt fram der til 2004, då han vart kjøpt opp av spanske Albacete. Eigentleg skulle han ha gått over til Liverpool FC på lån i 2005, men vart nekta arbeidsløyve av britiske styresmakter. Medan han venta på dette, vart han lånt bort til spanske Real Sociedad. I 2006 fekk han arbeidsløyve og gjekk over til Liverpool.
Allereie i mai 2007 hadde Gonzáles skrive under kontrakt med spanske Real Betis, og spela for dei fram til sommaren 2009, då han gjekk over til russiske CSKA Moskva, som han spelar for enno.
Gonzáles har spelt på det chilenske landslaget sidan 2003, og deltok i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han i ein kamp mot Sveits, men Chile vart slått ut i åttandedelsfinalen mot Brasil.
Kjelder
endre- Engelsk Wikipedia om Gonzales.