Opna hovudmenyen

Mark Schwarzer (fødd 6. oktober 1972) er ein australsk fotballspelar som har spela som keeper for Fulham i Premier League i England, og for det australske landslaget.

Mark Schwarzer
Mark Schwarzer.jpg
Personleg informasjon
Fødd 6. oktober 1972
Fødestad Sydney
Høgd 194 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Fulham
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Australia Colo Cougars
Australia Penrith Nepean United
Australia Blacktown City Demons
Australia Marconi Stallions
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1990-94
1994-95
1995-96
1996-97
1997-2008
2008-
Australia Marconi Stallions
Tyskland Dynamo Dresden
Tyskland Kaiserslautern
Flag of England.svg Bradford City
Flag of England.svg Middlesbrough
Flag of England.svg Fulham
58 (0)
2 (0)
4 (0)
13 (0)
366 (0)
65 (0)
Landslag
1993- Australia Australia 73 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. desember 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 30. desember 2009

KlubbkarriereEndra

Schwarzer vart fødd i North Richmond, ein forstad til Sydney. Han begynte proff-karrieren sin i den australske klubben Marconi Stallions. I 1994 drog han til den tyske klubben Dynamo Dresden. Etter éin sesong der drog han til Kaiserslautern, og så vidare til Bradford City i engelsk 1. divisjon. Etter éin sesong der, gjekk han til Middlesbrough, der han spelte heilt til 2008. 29. desember 2007 vart han den utanlandske spelaren som hadde spelt flest kampar for ein og same engelske klubb, med 315 kampar.

Schwarzer sin kontrakt med Middlesbrough gjekk ut i juni 2008. Han vart tilbode ein ny kontrakt,[1] men valde i staden å skriva under på ein toårskontrakt for Fulham.[2] Han sa i intervju at han vart tilbode kontrakt også av Bayern München og Juventus, men avslo desse fordi dei ikkje kunne garantera at han fekk spela på førstelaget. Schwarzer spelte alle kampane i 2008/09-sesongen for Fulham, og vart kåra til årets Fulham-spelar på slutten av sesongen. Han vart òg kåra til månadens spelar i Premier League i februar 2010.

LandslagskarriereEndra

Schwarzer fekk landslagsdebuten sin for Australia i ein bortekamp mot Canada i ein kvalifiseringskamp til fotball-VM i 1994. Han kom inn som innbytar då førstekeeperen Robert Zabica fekk raudt kort 17 minutt ut i kampen.[3] Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006 redda Schwarzer to straffespark i straffesparkkonkurranse i den avgjerande kampen mot Uruguay, som gjorde at Australia kvalifiserte seg til VM. Han spelte tre av Australia sine fire kampar i VM.

Etter VM i 2006 erklærte han at han ville koma attende til fotball-VM i 2010. Han spelte alle Australia sine kampar under Asiameisterskapen i 2007. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, då Australia kvalifiserte seg til å delta igjen, heldt Schwarzer på plassen som Australia sin førstekeeper.

PrivatlivEndra

Schwarzer sine foreldre emigrerte til Australia frå Tyskland i 1968.[4] Han snakkar engelsk, spansk og tysk. Når han spelar, brukar han framleis dei same leggbeskyttarane han brukte som 19-åring for Marconi Stallions.[5] Saman med kona Paloma har han to born, éin son og éi dotter. I 2009 vart han tildelt ordenen Order of Australia.[6]

ReferansarEndra

  1. «Schwarzer offered new Boro deal». BBC Sport. 16. mai 2008. Henta 21. mai 2008. 
  2. «Fulham complete Schwarzer signing». BBC Sport. 22. mai 2008. Henta 22. mai 2008. 
  3. «Australia vs. Canada Match Report». www.ozfootball.net. Henta 26. februar 2007. 
  4. «The World Cup dream - Mark Schwarzer's Family». www.migrationheritage.nsw.gov.au. Henta 15. april 2008. 
  5. «Goalkeeper Mark Schwarzer pads stand test of time». www.news.com.au/. Arkivert frå originalen 2012-06-30. 
  6. The Age (2009). Australia Day honours. Henta 26. januar 2009.