Mark St. John
Mark St. John (7. februar 1956–5. april 2007) var ein amerikansk gitarist, mest kjend for å ha spelt i hard rockbandet Kiss.
Mark St. John | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. februar 1956 Hollywood |
Død |
5. april 2007 (51 år) |
Yrke | gitarist |
Høgd | 1,89 meter |
Medlem av | Kiss, White Tiger |
Mark St. John på Commons |
Han vart fødd som Mark Leslie Nortoni Hollywood i California.
St. John tok over for Vinnie Vincent og spelte på albumet Animalize frå 1984. Han gjekk ikkje så bra saman med dei andre medlemane i bandet, og utvikla brått Reiters syndrom (ei form for artritt), som gjorde at hendene og armane svulma opp. Han spelte berre under tre konsertar med Kiss, og berre ein heil, under Animalize-turneen. Bruce Kulick hjelpte til, og tok over då St. John fekk sparken, offisielt 8. desember 1984.
Mark St. John starta i 1985 bandet White Tiger i lag med David Donato and Barry Brandt (Angel). Dei gav ut eit album i 1986. Delar av dette bandet spelte inn ein demo i lag med den opphavlege trommeslagaren i Kiss, Peter Criss i 1990.
Han spelte i ein kort periode i eit band (i lag med Phil Naro) som vart kalla «Mark St. John Project» og gav ut ein EP i 1999. Han gav i 2003 også ut ein CD med instrumentalmusikk som heitte Magic Bullet Theory.
Mark St. John døydde om morgonen 5. april, 2007 av hjerneblødning.
Kjelder
endreEngelsk wikipedia og allmusic.com