Markhumle

insektart
Markhumle
Markhumle Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Markhumle
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Langtungebier Apidae
Slekt: Humler Bombus
Art: Markhumle B. pratorum
Vitskapleg namn
Bombus pratorum

Markhumle (Bombus pratorum) er ei sosial humle som lever i mange ulike naturtypar og kan vera dominerande både på kulturmark og skogsmark. Ho er tidleg ute og mellom dei fyrste humlene som har arbeidarar i mai. Markhumla er kjenneteikna av eit tydeleg gult krageband og ein raudoransje bakende.

Markhumle på enghumleblom, ein typisk næringsvokster for arten, i Trondheim

Markhumla er utbreidd over heile Europa og i delar av Asia. I Noreg finst ho over heile landet, men er uvanleg over skoggrensa. Individ av arten er her observert frå 15. mars til 25. september. Markhumla dannar samfunn på 50 til 120 individ. Bola verta lagde under eller på bakken i musebol, i gamle fuglereir, i fuglekassar og i husvegger.

Kjelder endre

  •   Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Markhumle skriven av Frode Ødegaard, Jan Ove Gjershaug, Arnstein Staverløkk og Roald Bengtson. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforsking under lisensen CC BY 3.0. Henta 3. april 2021.
      Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.