Stripete markise over ei dør.

Ei markise er ein utfellbar tøyskjerm ein kan ha over vindauge, dører eller altanar, ført og fremst som solsegl. Ein kan rulla ut markiser med mekaniske system eller ved hjelp av automatiske system som til dømes kan rulla dei ut i samband med solskin.

Ordet «markise» er avleidd frå fransk marquise.[1] Det har same opphav som markise i tydinga kvinneleg marki/kona til ein marki. Opphavleg viste det til segl over eit offiserstelt, til forskjel frå andre telt.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «markise – solseil». Store norske leksikon (på bokmål). 10. februar 2020. 
  2. «markise» i Nynorskordboka.
  Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.