Marleik
Marleik er ein knoll av mergel (kalkhaldig leire) i kvartære leirer. Marleikaer har rund eller avlang, ofte eigendommeleg form og inneheld ofte fossil (fisk eller skjel). Marleikar er ein form for konkresjonar danna ved utfelling av kalsiumkarbonat omkring rotnande dyrerestar.
Dei finst mange stader i Noreg, men er mest vanleg på Austlandet, i Romsdalen, i Trøndelag og i Nordland.
Kjelder
endre- Marleik. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/marleik.