Marmurovi Pecjeri
Marmorgrottene (russisk Мра́морная пещера, ukrainsk Мармурова печера, krimtatarisk Mermer qobası) er ei grotte på Krimhalvøya, i Tsjatyr-Dag-massivet. Det er eit populært turistmål.
I 1987 vart grotta oppdaga med eit komplekst system av haller og galleri, ikkje langt frå dei andre grottene Bin Basj-Koba (Tusen hovud) og Suuk-Koba (Kald).[1] Den nye grotta som ligg 920 meter over havet vart kalla Marmor (opphavleg nytta ein namnet Afghan), fordi ho er forma av marmorert kalkstein.[2] Frå 1988 byrja arbeidet med å legge stiar inn og lyssette grotta.
Grotta vert rekna som eit av dei sju naturlege underverka i Ukraina.[3] Ho er ein av dei mest vitja grottene i Europa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mramorniyi Pesheri (Marble Caves), Crimea» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 12. juli 2018, henta 4. september 2012
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 12. juli 2018, henta 4. september 2012
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 11. mai 2013, henta 4. september 2012
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av grotta (russisk)