Marokko i Eurovision Song Contest 1980

Marokko debuterte i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland med songen «Bitakat Hob», framført på arabisk av Samira Bensaïd. Songen er skriven av 'Abd Al-'Atī Amyna og Malw Rawan. Bidraget vart valt internt av kringkastaren Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision (SNRT).

Songen starta som nummer fem i finalen etter Luxembourg med «Papa pingouin» av Sophie & Magaly og før Italia med «Non so che darei» av Alan Sorrenti. Bidraget fekk sju poeng frå Italia og enda på 18. plass av totalt 19 bidrag. Det er den fyrste og førebels einaste gongen Marokko, og eit arabisk land, har delteke i tevlinga.

Land Marokko gav poeng til

endre
12 poeng   Tyrkia
10 poeng   Vest-Tyskland
8 poeng   Storbritannia
7 poeng   Sveits
6 poeng   Sverige
5 poeng   Spania
4 poeng   Noreg
3 poeng   Austerrike
2 poeng   Danmark
1 poeng   Frankrike

Land Marokko fekk poeng frå

endre
12 poeng
10 poeng
8 poeng
7 poeng   Italia
6 poeng
5 poeng
4 poeng
3 poeng
2 poeng
1 poeng

Kjelder

endre